Boklansering: Mysteriet på Hangman's Hill

Boklansering: Mysteriet på Hangman's Hill

Mysteriet ved Hangman’s Hill er den fjerde boka i serien om Anna og venene hennar. Bullterrieren Kaspar, som rett som det er kjem ut for trøbbel, men også reddar mange situasjonar, er med denne gongen også. Hovudpersonane er i 12-årsalderen, boka er retta mot barn på mellomtrinnet i skulen — men kanskje også for andre som liker ei god historie utan groteske valdsdetaljar ein ofte finn i krim for vaksne.

Olla skal lese frå den nye boka si Mysteriet ved Hangman’s Hill, og fortelje litt om Anna, Kaspar, Siri og Erik - og korleis dei samarbeider om å løyse flokane dei kjem i. Kanskje publikum kan lage ei spennande historie saman med Olla også? Ho har med meg nokre gjenstandar som kan inspirere oss, vi skal finne ut korleis vi kan skape hovudpersonar, finne på nokre spennande «cliffhangers» - og snakke litt om kva som skal til for å lage eit bra «plot». Vi følger gjeldande smittevernsreglar under arrangementet. For påmelding: send e-post til biblioteket@vestnes.kommune.no Velkommen!