PressReader

PressReader

PressReader

Aviser og tidsskrift frå nesten alle land i verda. På Vestnes bibliotek får du gratis tilgang!

PressReader gjev deg tilgang til 7.600 aviser og tidsskrift på meir enn 60 språk. Der finn du over 70 norske aviser og tidsskrift, mellom anna Aftenposten og Dagbladet samt mange lokalaviser. I tillegg er det eit godt utval av ulike publikasjonar på alle dei nordiske språka.

Les og last ned på nettbrett, PC og smarttelefon og ta med deg heim i inntil 72 timar. Om du loggar deg på det trådlause gjestenettet (Romsdalsnett Gjest) når du besøker biblioteket, kan du halde fram å bruke PressReader heimanfrå i to dagar etter siste bibliotekbesøk.

Slik brukar du PressReader

1. Gå inn på nettstaden til via denne lenka: PressReader eller last ned appen frå Google Play, AppStore eller Windows. Du treng ikkje registrere brukar.

2. For å få tilgang må du opne appen eller nettstaden i lokala til biblioteket og opne ønska avis eller tidsskrift.

3. Tilgangen varer i 72 timar etter at du forlét biblioteket. Deretter må du tilbake til biblioteket for å fornye tilgangen. Du kan til ei kvar tid lese publikasjonane du har lasta ned.