Serviceerklæring, lånereglar og ordensreglar

Her finn du nyttig info om kva du kan forvente av oss - og om kva vi ønskjer av deg som brukar av bibliotektenestene.

Serviceerklæring

Tilgjengeleg ~ imøtekomande ~ kompetent

Vi har som mål å sette brukaren først og sikre gode bibliotektenester uansett kva bibliotek brukaren vender seg til.

Du kan forvente at:

  • Du vert møtt med respekt og konfidensiell behandling av eit kompetent personale.
  • Alle tenester er gratis for alle.
  • Kostnadar kan forekomme for ved for sein innlevering og tilleggstenester som kopiering.
  • Biblioteket skal halde seg oppdatert innan relevante medier.
  • Du får umiddelbar hjelp til å finne informasjonen du treng. Svar på omfattande eller avanserte spørsmål får du seinast innan fem arbeidsdagar.
  • Du får tilgang til døgnopne katalogar og ”Mine sider”  lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Du kan søkje, bestille, hente og levere materiell i det biblioteket som høver best for deg.
  • Vi også skaffar tilgjengeleg materiell frå andre bibliotek for deg.
  • Vi tilbyr trådlaus tilgang til Internett, kopi- og utskriftsmulegheiter.
  • Vi er opne for forslag til både mediekjøp og betring av våre tenester.
  • Tenesta er regulert av lovverket. Lenke til Lov om folkebibliotek 

 

Biblioteket forventar at du:

  • Gjer deg kjent med utlånsreglane under.

Lånereglar

Lånekort

Lånetida 

  Bøker, lydbøker og tidsskrift    4 veker  
  E-bøker  3 veker
  Språkkurs    8 veker  
  Musikk cd-ar    4 veker  
  Film    1 veke  
  Fjernlån    Eigarbibliotekets frister  

 

Det er GRATIS å låne, men det kostar å levere for seint.

E-bøker vert automatisk innlevert om du ikkje forlengar lånetida, så der slepp du purregebyr.

  1.purring    kr 30,-  
  2.purring    kr 50,-  

 

Etter 2. purring vert det sendt rekning for det du ikkje har levert - sjå eigne satsar nedanfor.

Lånekortet blir sperra dersom du ikkje gjer opp for deg.

Kor mykje kan eg låne?

Det er ingen øvre grense for kor mykje du kan låne. Unnataket her er e-bøker, her er talet foreløpig maksimum tre utlån pr brukar.

Kva med bøker som biblioteket ikkje har?

Bøker som er utlånt kan reserverast.

Bøker vi ikkje har kan kjøpast inn eller lånast frå andre bibliotek.

Vi rettar oss etter Nasjonalbiblioteket sine retningslinjer for fjernlån. 

Kva forpliktar eg meg til?

Å ta godt vare på lånt materiell, melde frå om feil og sikre sirkulasjon ved å levere tilbake materialet innan lånefristen.  

Erstatning av tapt eller skada materiell

Etter 2. purring, eller om du mistar utlånsmateriell, får du krav om erstatning for det du ikkje har levert tilbake.

Erstatningssatsar:

Materialtype    
  Bøker   400,- 
  DVD/BD 200,- 
  Lydbøker (CD/Mp3)   400,- 
  Musikk (CD)   350,- 
Spel (Playstation, Wii, DS, Xbox) 500,- 
   

NB! Vi praktiserer også gjenkjøp, som vil seie at du kan kjøpe ny bok/film etc. til oss i staden for å betale erstatningskravet.

 

Ordensreglar for Vestnes bibliotek 

 

Biblioteket er ein stad for alle innbyggarar, store og små. Alle skal trivast og føle seg trygge når dei besøker Vestnes bibliotek.  

 

Generelt 

Alle må rette seg etter regelverket til biblioteket samt alminnelege reglar for god åtferd/oppførsel. Ved brot på reglane vil personalet på ein høfleg måte gjere merksam på dei krav som biblioteket stiller. Dersom besøkande ikkje etterfølger dette, kan personalet vise vedkommande vekk frå biblioteket. Her gjerast vurderingar ved kvart enkelt tilfelle. Ved alvorlege tilfelle skal dei tilsette rådføre seg med lokalt politi.  

 

Rusmiddel 

Personar som er synleg påverka av rusmidlar og/eller personar som kjøper/sel rusmidlar skal visast bort frå biblioteket.  

 

Anna sjenerande åtferd 

Personar som opptrer truande eller på annan måte er til sjenanse pga støy, lukt etc. Kan visast bort frå biblioteket. Ved gjentakande hendingar som kan medføre bortvising vil biblioteket vurdere utestenging for ein kortare eller lengre periode.  

 

Hærverk og øydeleggingar 

Dersom inventar og utstyr blir bevisst utsett for hærverk eller uvøren bruk, kan biblioteket kreve øydelagte eller skadde gjenstandar erstatta av den som utfører øydelegginga. Melding til politiet vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.  

 

Meirope bibliotek 

Brot på signert avtale om tilgang til meirope bibliotek medfører at tilgangen blir stengt. Andre tiltak blir vurdert i samsvar med alvorlegheitsgrad og art av brotsverk. 

 

Anna 

Sal og marknadsføring, som ikkje er avtalt på førehand, skal ikkje forekomme i biblioteket.  

Førarhund og andre servicehundar er tillatne i biblioteket. Andre dyr har ikkje tilgang.  

Varig utestenging frå biblioteket er eit alvorleg inngrep i rettande til enkeltmenneske og vil kreve handsaming i samsvar med bestemmingane i forvaltningslova.  

 

Ordensreglementet er fastsett med heimel i Lov om folkebibliotek §4 tredje ledd.