Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Oppleve i biblioteket

Velkommen til ei verd av draum og fakta!

Hos oss kan du oppleve, gjere, lære - og berre vere. 

"Etter skuletid på biblio!"

Gaming

Vi har ein eigen gamingkrok med Playstation i ungdomsavdelinga. Skriv deg på liste i skranken!

Minikino

I vår eigen "minikino" med amfi og smart-TV kan du og venene dine sjå ein film saman. Det er minikino måndag, onsdag og torsdag kl 14:15.

Barneavdeling

I barneavdelinga har vi ei herleg "undersjøisk grotte"! Der er også små bord med aktivitetssaker. "Klipp og lim" er kvar torsdag kl 14:15-19:00, og fredagar kl 14:15-16:00 er det brettspel.

Kulturscene

På scena vår vil du kunne oppleve eit variert tilbod av små og store arrangement. Med ein publikumskapasitet på opp til 200 har Vestnes fått ein flott kulturarena. 

Kontakt oss gjerne dersom du ønskjer å legge ditt arrangement til bibliotekscena!

VR

I ei virtuell verd med VR-briller på hovudet kan du oppleve Herman Lehmkuhl, bygd på Vestnes i 1875! 

Publikums-PC

Du kan bruke PC gratis ein halv time. Du kan også kjøpe utskrifter/kopiar. 

Aviskrok

Slapp av med eit magasin eller dagens lokalaviser i aviskroken vår, der avisene heng på ei gammal notrulle! Blada våre (med unnatak av nyaste utgåve) kan du også låne med deg heim. 

Lesesal

Er du student, eller treng du å rømme frå heimekontoret? Då kan du nytte vår lyse og trivelege lesesal. 

Lyst til å vere frivillig? 

  • Stella Maris' venner er eit tilbod som kjem i gang frå hausten 2022, der du kan bidra på frivillig basis både i biblioteket, parken og ellers på Stella Maris. Følg med for meir informasjon!
  • Crew Stella Maris er eit tilbod for lys- og lydinteressert ungdom i alderen 13-18 år. Du får gratis opplæring i bruk av lyd- og lysutstyret på scena vår gjennom Vestnes kulturskule, og får vere ein del av crewet vårt ved arrangement i biblioteket.