Maritimt bibliotek

I 2017 vart det vedtatt at Vestnes kommune skulle få nytt bibliotek. Vi ønska å tenke nytt og framheve lokal identitet og stoltheit i bibliotekutviklinga. Ein fellesnemnar for heile Vestnes kommune er og har vore den maritime kulturarven vår. Vi ønska også å bidra til bulyst og stimulere ungdom til å tenke lokal arbeidsmarknad når dei velger seg ei utdanning.  

Oppgjennom tidene har det vore nær hundre små og store verft i Vestnes kommune. Då Lars Jensen Hammeraas bygde Herman Lehmkuhl i 1875, var dette den til då største treskuta som var bygd her til lands. Den dag i dag hevdar Vestnes seg i verdstoppen når det gjeld moderne skipsindustri. 

Vi søkte Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar til å utforme ein maritim profil for å vise fram kor mykje vi har å vere stolte av, og mottok kr 200 000,- i prosjektmidlar. Ei prosjektgruppe beståande av representantar frå skipsindustri, trebåtindustri, båtbyggarmuseum, fylkesbibliotek, kommune og andre interessentar vart skipa. Resultatet av dette arbeidet kan du i dag sjå i våre nye, flotte lokale. 

Her er stolar laga av gamle færingar, naustdører i bokhyllene og bilde av fartøy som er bygd i Vestnes utgjer ei tidslinje på veggen. Du kan oppleve Herman Lehmkuhl i VR, gå inn i ei "magisk" grotte i barneavdelinga og lese aviser som heng på ei gammal notrulle. 

Vi rettar ei stor takk til våre samarbeidspartar og bidragsytarar for hjelpa med å løfte fram Vestnes' stolte maritime historie, og ønsker deg velkommen inn på vårt maritimt inspirerte bibliotek!