Etter skuletid
Gaming
Vi har ein eigen gamingkrok med Playstation i ungdomsavdelinga. Skriv deg på liste i skranken!
Minikino
I vår eigen "minikino" med amfi og smart-TV kan du og venene dine sjå ein film saman.
Barneavdeling
I barneavdelinga har vi ei herleg "undersjøisk grotte"! Der er også små bord med aktivitetssaker. Har du lyst til å klippe og lime, perle eller halde på med andre formingsaktivitetar, er det berre å spørje oss som jobbar på biblioteket.
Kulturscene
På scena vår vil du kunne oppleve eit variert tilbod av små og store arrangement. Med ein publikumskapasitet på opp til 200 har Vestnes fått ein flott kulturarena.
Kontakt Trond Salthammer (trond.salthammer@vestnes.kommune.no) dersom du ønskjer å legge ditt arrangement til bibliotekscena!
For dei aller minste
Kvar onsdag kl 11 (med unnatak av skuleferiane) er det Full rulle med babysang på biblioteket! Full rulle er leia av Marit Ellen frå Kulturskulen og er eit samarbeidsprosjekt med Vestnes frivillgsentral.
VR
I ei virtuell verd med VR-briller på hovudet kan du oppleve Herman Lehmkuhl, bygd på Vestnes i 1875 og oppleve Den trondhjemske postveg. Dette er primært eit tilbod til skular.
Publikums-PC
Du kan bruke PC gratis ein halv time. Du kan også kjøpe utskrifter/kopiar. Betal gjerne med Vipps! Du finn betalingsinfo ved printeren.
Aviskrok
Slapp av med eit magasin eller dagens lokalaviser i aviskroken vår, der avisene heng på ei gammal notrulle! Blada våre (med unnatak av nyaste utgåve) kan du også låne med deg heim.
Lesesal
Er du student, eller vil du ha “heimekontor” på biblioteket? Då kan du nytte vår lyse og trivelege lesesal.
Lyst til å vere frivillig?
- Crew Stella Maris er eit tilbod for lys- og lydinteressert ungdom i alderen 13-18 år. Du får gratis opplæring i bruk av lyd- og lysutstyret på scena vår gjennom Vestnes kulturskule, og får vere ein del av crewet vårt ved arrangement i biblioteket.