Frøbiblioteket er opna

Frøbiblioteket er no opna! Du kan levere og hente frø heile året.

Frøbiblioteket er basert på tillit og verkar slik: Ta med deg frø frå Frøbiblioteket, så dei heime og haust nye frø, som du leverer til oss. Har du frå til overs, tek vi også imot heile året.

Frøa kan du levere slik du ynskjer, men sjå bilete for tips om korleis dei kan pakkast. Gråpapir, kaffifilter eller ein lukka konvolutt er supert!

Frøposane merkast slik:

- Sort frø

- Antall

Ved store frø kan 10-15 frø vere nok i ein pakke. Ved breisåing kan ein putte i ca. 1 ts og skrive det på pakken.

- Årstal

 

Frøbiblioteket er ei satsing på berekraft, samt auking av kunnskap rundt sjølvdyrking og ikkje minst gleda og helseaspektet det gir å arbeide i jorda.

Vi ynskjer å fylle Frøbiblioteket med alle typar frø (grønsaker, urter, villblomster, stauder, sommarfuglvenlege frø med meir), men viktig at det berre er frø ein har sanka sjølv eller kjøpefrø som ein har til overs. Ikkje frø frå grønnsaker og frukt som ein kjøper i butikken.

Vi håpar mange vil donere frø! Du kan donere og hente frø heile året. 

Det er berre å kome å sjå om her er frø du ynskjer å så.