Midlertidig stopp i fjernlånstenesten

Norsk bibliotektransport, som fraktar bøker til og frå biblioteka, har bedd om å bli slått konkurs. Her kan du lese meir om dette: https://www.bokogbibliotek.no/.../norsk.../263948

Kva inneber dette for deg?

Vi må midlertidig stenge fjernlånstenesten. Du vil altså, i ein overgangsfase, ikkje kunne bestille bøker som ikkje finst i vårt bibliotek. Bøker som allereie er bestilt, vil bli kraftig forseinka. Studentar som ventar på pensumbøker anbefalast å sjekke om boka er tilgjengeleg på https://allvit.no/ 

Nye bøker vi har kjøpt inn til biblioteket vil også vere forseinka. 

Vi vil bistå så langt vi kan med å finne gode alternativ i vår eiga samling dersom du er på jakt etter ei bok vi ikkje har hos oss. 

Du vil heller ikkje kunne benytte deg av fjerninnlevering inntil ny leverandør er på plass. Her er biblioteka forståingsfulle, og skrur av purregebyr for bøker som blir for seint innleverte på grunn av dette. 

Vi slår også av purregebyr for alle fjernlån. 

Vi beklagar denne situasjonen på det sterkaste. Vi forsikrar deg om at det jobbast på spreng for å finne ei løysing på situasjonen. 

Vi ber også om forståing for at sending av bøker i posten er ei svært tidkrevjande og kostbar løysing som vi ikkje kan basere oss på i mangel av boktransportør. 

Utfyllande informasjon kjem så snart det ligg føre.