"Full rulle" med babysong på biblioteket!

Velkomen til eit fornya Full Rulle! I lag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes Frivilligsentral til Full Rulle med musikk i det flotte nye Vestnes bibliotek (Stella Maris). Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.

Musikklærar Marit-Ellen Lund Salthammer frå kulturskulen startar opp Full Rulle med ca. 30 min med musikk, piano/rytme/stemme. Samspelet mellom foreldre og barn gjennom musikk er veldig positivt for barnets utvikling. Opplegget er heilt lågterskel, alle kan vere med. Etterpå er alle velkomen til å være i lag på biblioteket eller gå ein tur i lag.

Når: kvar onsdag kl. 11.00.
Tilbodet er gratis.