Innloggingsproblem

Kjære besøkande!

For tida har vi store problem med innloggingsautomaten på utsida av inngangen, altså den de bruker for å komme inn i ubetjent opningstid. Leverandør kan truleg ikkje montere ny automat før etter sommarferien. Dette beklagar vi på det sterkaste! Og sjølv om vi til vanleg aller helst ser at ikkje sperrebanda ved hovudinngangen forserast, kan de passere forbi desse i slike høve der de ikkje får logga inn - så sant hovudinngangen er open. Opningstidene der er 07:00-18:00 kvardagar (19:00 torsdagar). I helgene er hovudinngangen stengt.

Igjen må vi berre beklage dette problemet!